Skip to content
  • Framside
  • Ledige stillingar
  • Søk skuleplass
  • Kontakt
  • Om EnSpire
  • Innlegg
Tresfjord Friskule

Tresfjord Friskule

…ein skule med entreprenørskap som profil…


  • 2. January 2023

    Søknadsfrist hovudopptak 1. februar

    Vi minner om at fristen for å søke plass på skulane i Vestnes kommune for kommande skuleår er 1. februar. Vårt hovudopptak er difor 1. februar. Om det skulle vere ledig kapasitet etter denne søknadsfristen, så vil vi ha løpande opptak fram til det ikkje er kapasitet til å ta imot fleire. Men søknadar mottatt…

  • 2. January 2023

    “Open skule” 12. januar!

    Godt nytt år! Vil du starte det nye året med å komme og sjå på skulen vår? 12. januar kl 17:00 inviterer tilsette og elevar til “open skule”. Dvs. at alle som er nysgjerrige og interesserte, store som små, er hjarteleg velkomne innom for å helse på oss som jobbar og går på skulen her.…

  • 7. September 2022

    Vi er godt i gong

    No nærmar vi oss tre veker med skule og alle elevar og tilsette koser seg. Endeleg er også sola på plass i bygda og skaper ei ekstra god ramme rundt relasjonsarbeidet elevar og tilsette no held på med. Vi har varierte dagar inne og ute med både mosjon, stillesitting, aktivitetar, leikar, skriving, lesing, rekning, samt…

  • 21. August 2022

    Skulen blir til

    No er det ikkje lenge att til skulestart og mykje er no på plass. Utallige dugnadstimar har gitt resultat. Tysdag 23. august kl 9 kan vi endeleg starte opp!

  • 14. August 2022

    Ønsker du å hjelpe oss med oppstartskostnadane?

    Hei. I oppstarten er der sjølvsagt ein del meir utgifter enn i normal drift, og fleire har spurt om dei kan bidra med nokre kroner. Vi har difor oppretta ein Spleis: https://spleis.no/project/228819

  • 13. August 2022

    Ting kjem på plass

    Det nærmar seg skulestart. For ein og ein halv månad sidan var der berre brakka som stod der. Ingen inventar, ikkje noko uteområde, ingen tilsette. Ei og ei halv veke før skulestart er det meste av materiell på plass. Tilsetjingar er unnagjort. Uteområdet tar form. Vi gleder oss til å ta imot elevane tysdag 23.…

  • 7. August 2022

    Har du noko skulemateriell å avsjå?

    Skulen tar gjerne imot “ting og tang” som du ikkje har bruk for, men som du tenker skulen kan trenge. Ta i så fall kontakt med oss på post@tresfjordenspire.no og/eller rektor på tlf 40603377.

  • 18. July 2022

    Informasjon gitt til føresette på open dag 17. juli

    Ved å trykke på denne lenka finn du ei oppsummering av informasjon som blei gitt til føresette på open dag ved skulen 17. juli:

  • 18. July 2022

    Open dag 17. juli

    Søndag 17. juli kunne vi endeleg arrangere “open dag” på skulen, og vi inviterte elevar og føresette på noko godt å drikke og tygge på, samt å få helse på nokre i styret og blant dei tilsette. Det blei også gitt ein del ekstra praktisk informasjon til dei føresette på pauserommet til dei tilsette. Denne…

Loading Comments...