Det nærmar seg skulestart.
For ein og ein halv månad sidan var der berre brakka som stod der. Ingen inventar, ikkje noko uteområde, ingen tilsette.
Ei og ei halv veke før skulestart er det meste av materiell på plass. Tilsetjingar er unnagjort. Uteområdet tar form.
Vi gleder oss til å ta imot elevane tysdag 23. august. Innan den tid skal vi gjennomføre eit foreldremøte tysdag 16. august, formell innskriving av alle elevar hovudsakleg onsdag 17. august, og vaske og gjere klar alle romma.
Vi kjem til å ha kommunens rimelegaste SFO (i skulevekene) og ein overkommelig pris på skulestengde dagar. Vi tar også gjerne imot barn på SFO som ikkje går på skulen vår.
Og det er framleis plass til fleire elevar på skulen. Det er berre å ta kontakt om de lurer på noko.






