Velkommen!

1. desember 2026 opnar vi for å søke om plass for skuleåret 2027/2028

Velkommen til Tresfjord EnSpire skule!

Praktisk info

Skuledagen

Skuledagen startar kl 09:00 og varer til 14:00 for alle elevar uansett trinn. Vi legg opp til mykje variert undervisning som innebér aktivitetar både inne og ute.

Foreldrebetaling, skule

Per no (2025/2026) er betalinga på kr 450 per månad (september-juni) for eitt barn (kr 300 for barn nr. 2, kr 150 for barn nr. 3 og gratis for barn nr. 4 og vidare) i tillegg til ei eingongs innmeldingsavgift på kr 500.

Vi bruker foreldrebetalinga til mellom anna å tilby gratis frukt og melk til elevane kvar dag.

Leksebevisst skule

Tresfjord EnSpire skule er ein leksebevisst* privat 1-7-grunnskule som skal følgje læreplanen for EnSpireskular. Les meir om EnSpire her.

SFO

Skuleåret 2025-2026 er SFO 07:00-09:00 og 14:00-16:30, og samt 07:30-16:30 på skulestengde dagar. Ein kan kjøpe enkeltdagar og enkelte bolkar (morgon/ettermiddag) slik at SFO blir mest mogleg tilpassa kvar enkelt heim sitt behov. Vi tilbyr 12 timar gratis SFO per veke for 1.-2. trinn. Frå hausten av vil dette også gjelde for 3. trinn dersom dette blir innført i den offentlege skulen.

Dersom du har spørsmål, er det berre å ta kontakt med oss via post@tresfjordenspire.no eller å komme innom Neremsvegen 43 i Tresfjord.

*Vedr. leksebevisst skule: Lærarane gir tips til heimearbeid som er tilpassa elevgruppa og eleven, og eleven blir av læraren oppfordra til å gjere heimearbeidet. Heimearbeidet blir derimot ikkje sjekka på skulen i etterkant og det er difor opp til kvar heim om ein ønsker at elevane skal gjere heimearbeidet og når det passar best for kvar heim å utføre det.

FØLG MED PÅ

Instagram

Ønsker du å gi ei gåve til skulen?

VIPPS til 796286

Ta gjerne kontakt på post@tresfjordenspire.no.