“Open skule” 12. januar!

Godt nytt år!

Vil du starte det nye året med å komme og sjå på skulen vår?

12. januar kl 17:00 inviterer tilsette og elevar til “open skule”. Dvs. at alle som er nysgjerrige og interesserte, store som små, er hjarteleg velkomne innom for å helse på oss som jobbar og går på skulen her.

Det vil bli presentasjonar av ulike slag og det vil vere mogleg å skaffe seg noko godt å bite i og drikke på.

Vi held til i Neremsvegen 43 i Tresfjorden.

Velkomne skal de vere!

Leave a Reply

Blog at WordPress.com.

%d bloggers like this: