No nærmar vi oss tre veker med skule og alle elevar og tilsette koser seg.
Endeleg er også sola på plass i bygda og skaper ei ekstra god ramme rundt relasjonsarbeidet elevar og tilsette no held på med.
Vi har varierte dagar inne og ute med både mosjon, stillesitting, aktivitetar, leikar, skriving, lesing, rekning, samt sjølvsagt ein del digitale oppgåver på iPadane.
Vi ønsker at elevane skal ha gode opplevingar og at ein skal sitje igjen med ei god kjensle når skuledagen er over. Kvar dag.
Vi vil at dei skal ha ei oppfatning av seg sjølve som individ som bidrar til eit godt samfunn for oss alle.
Vi har som mål at dei skal leve meiningsfylte liv og vere trygge på seg sjølve og andre rundt seg.
Vi anbefaler alle å følge oss på Instagram for å sjå kva for sprell vi finn på 🙂