Site icon Tresfjord Friskule

Om EnSpire

EnSpire Norge AS har utarbeida ein eigen læreplan med entreprenørskap som profil.

Eleven som deltakar og bidragsytar

EnSpire-skulane arbeider for å realisere eit heilheitleg menneskesyn, og eit læringssyn som byggjer på at alle born har eit mangfald av eigenskapar og talentar som best utviklast i en sosial og samfunnsmessig samanheng. Skulen sitt pedagogiske grunnsyn er at mennesket si utvikling og læring best fremjast gjennom leia eigenaktivitet, der eleven opplever seg som deltakar og bidragsytar.

Entreprenørskap som profil

Formålet for EnSpire-skulen er å gi elevane ein entreprenøriell basiskompetanse:
Evne til å sjå moglegheiter og til å gjere noko med dei.

EnSpire-skulane skal bruke pedagogisk entreprenørskap som læringsstrategi. Med det meinast at skulen skal hjelpe elevane i å utvikle følgande entreprenørielle kompetansar:

Dei tilsette på skulen skal vere gode rettleiarar for elevane og bruke erfaringsbaserte og varierte arbeidsformer som utfordrar elevane til å reflektere over eiga læring. Skulen skal hjelpe elevane i å forstå dei abstrakte idéane, teoriane og prinsippa som ligg bak erfaringane deira.

Elevane skal vere aktive og delaktige i undervisninga, og ta utgangspunkt i eigne konkrete erfaringar i skulearbeidet. Elevmedverknad er essensielt for å skape gode skuledagar med mykje god fagleg og sosial læring.

Målet er at skuledagane skal føre til djupnelæring ved å vere fylt med trivsel og glede, og at den nye kunnskapen skal opplevast som meiningsfull og nyttig.

Å lære er å gjere – saman med andre

Pedagogisk entreprenørskap er forankra i sosiokulturell læringsteori. Teorien tar utgangspunkt i at læring og kunnskap konstruerast i lys av kulturen, språket og samfunnet.

På EnSpire-skulen gjerast dette gjennom eit samarbeid mellom skulen og ressursar utanfor skulen, eksempelvis ulike lag, foreiningar og bedrifter lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.

Elevane blir sjølve utfordra til å ta kontakt med eksterne aktørar i ulike samanhengar.

Å lære er å oppdage og å skape

Målet er at elevane skal kunne sjå og bruke den nye kunnskapen på fleire område. På EnSpire-skulane skal kunnskap utviklast gjennom ein aktiv opp-dagingsprosess, kor eleven er eksperimenterande og finn ut av ting på eiga hand eller saman med andre. Elevane vil bli utfordra på problemløysing som fordrar naturleg bruk av tverrfagleg arbeid, samarbeid og kreativ tenking. EnSpire-skulane meiner dette aukar motivasjon for læring.

Ettersom læringa skal vere ein oppdagingsprosess, har EnSpire-skulane læreplanfesta bruken av Nysgjerrigpermetoden i undervisninga:

Vi vil at barn skal være nysgjerrige og utforske ting dei lurar på. Forsking startar alltid med nysgjerrigheit, og at nokon lurar på noko som det ikkje er lett å finne svar på. Då må dei jobbe grundig og systematisk for å finne svar sjølve. Ein forskar må kunne jobbe mykje aleine og sjølvstendig, men også saman med andre.

Det handlar om å utforske sine omgjevnadar, skaffe seg kunnskap og utvikle ferdigheiter for å kunne skape og produsere noko som har verdi for den enkelte og for fellesskapet. I ein læringsprosess er det viktig for elevane å få vise kva dei kan, få stadfesting og anerkjenning for sitt bidrag. Entreprenørskap gir elevane gode moglegheiter for arbeidsformer dei meistrar, få vist fram det dei har lært og få tilbakemeldingar som kan føre til vidare læring.

Fag- og timefordeling

EnSpireskulen har eigen fag- og timefordeling, men har beheld den tradisjonelle faginndelinga og eit minstetimetal for kvart enkelt fag for å bevare faga sin eigenart. Skulen sin profil er entreprenørskap. Difor skal entreprenørielle arbeidsmåtar brukast i alle fag for å stimulere og utvikle entreprenørielle ferdigheiter. EnSpireskulen har i tillegg eit eige fag som heiter entreprenørskap på tvers. Dette omfattar både arbeid med fagets eigne mål og prosjektarbeid på tvers av andre fag.

Velkommen til oss på besøk eller som elev/føresett!

For meir informasjon om EnSpire, sjå www.enspire.no.

Kvifor velje Tresfjord EnSpire Skule?

Elevane våre er aktørar i eiga læring, og ikkje berre mottakarar av informasjon. Elevane får prøve, feile, erfare, utforske og tenke sjølve.

Hos oss er det eit mål at eleven skal lære seg å sjå moglegheiter, ta initiativ, tørre å prøve og meistre nye utfordringar.

Ved å tileigne seg kunnskap gjennom aktiv deltaking utviklar eleven også personlege eigenskapar som kreativitet, sjølvtillit, initiativ og samarbeidsevne.


“Læring startar med leik og utforsking på alle arenaer”


Exit mobile version